Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Syngande hjarte - vestlendingar som vågar

2023, Innbundet, Nynorsk

363,-399,- i butikk

  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

I "Syngande hjarte" tar forfattar og fotograf Irene R. Mjelde lesaren med på ei forrykande reise - gjennom verkelegheita til sju vestlendingar med heilt ekstraordinære liv. Undertittelen er "Vestlendingar som vågar", og det desse modige sjelene vågar, er å vere seg sjølv - sitt rare, unike, suverene og inspirerande sjølv. Levande, ledige og stødige trør dei gjennom livet sitt, og gjer det til akkurat dét - livet sitt. Dei står ikkje på hoppkanten og ventar til unnarennet er forsvarleg måka, hoppar heller i det og tar alt som det kjem, anten stilen blir slalom eller utfor, eller luftige, lukkelege svev på strake vengjer. I ord og i illustrerande, fargesprakande bilde får du følge: Lill Olsen - ein vestlandsk nordlending og 2CV-entusiast med bein i nasa. Oddvar Torsheim - poet og kunstnar som, ifølge han sjølv, er verdskjent i øvre Førde. Aron Altinpinar - dragstjerne og forbilde for alle som kjempar for å finne sin rettmessige plass i verda. Cily Shakti - båtbuar og råsprek yogaguru, som lar sykkelturar vare i fem år. Elisabeth Gallefoss - profesjonell healar som har gjennomlevd store slag, men likevel fyller dagane med fargar, både for seg sjølv og andre. Benedicte Brun - skogshuldra som har busett seg i ein tipi. Georg Olafr Reydarsson Hansen - forkjempar for, og vikinghøvding i, sin eigen vikingby. Desse vestlendingane tilfører mangfald og gjer «særeigen og spesiell» til eit kvalitetsstempel. I full tillit har dei i denne boka delt frå liva sine, frå barndom til notid - tankar og opplevingar, på godt, og på vondt. For klokskap og livsvisdom er ikkje alltid lettkjøpt. I portrettboka har forfattaren forska på kva som gjer at akkurat desse menneska så naturleg vel å sprenge seg ut frå den sedvanlege ramma. Er det oppvekst, miljøa dei lever i, eller er det eit medfødd gen som gjev dei det ekstraordinære motet?

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Mjelde, Irene R. (Forfatter) ; Mjelde, Irene R. (Fotograf)
  • Forlag/utgiver

    Neetly
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    215
  • Kom i salg

    19. sep. 2023
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788269045840

Kundeanmeldelser

Frakt og levering