Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Røff guide til Bibelen

2018, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel. Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin?

Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf - utgangspunktet for to verdsreligionar og ein grunnstein for den vestlege litteraturen og sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen? For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han. Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Walgermo, Alf Kjetil (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    388
  • Emnekategori

    Bibelen
  • Kom i salg

    31. mai 2018
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788252196788

Kundeanmeldelser

Frakt og levering