"Bygdebøker og sogelagsarbeid vart lenge karakterisert som «dei mannlege eldsjelene sin tumleplass» skriv Anna Jorunn Avdem i ein av hovudartiklane i år, «Kvinneperspektiv på lokalhistoria». Første del av årbok i år tek opp kva kvinneperspektivet, eller mangelen på dette, har hatt å seie for korleis historia og lokalhistoria er blitt presentert for ettertida.Å fortelje på dialekt gjer vi alle, men når vi skal skrive ned forteljingane, og samtidig ta vare på dialekta, kan det dukke opp utfordringar. Aase Ryssdal Sæter har arbeidd med dette, og presenterer tre gode historier - på dialekt.Dialekt og historie finn vi også i lokale stadnamn. Kristian Solvang har sett nærare på tydinga av nokre av dei stadnamna vi omgir oss med.I fjor hadde årboka ein grundig artikkel om «luftjernbanen» som i si tid revolusjonerte Vestlandslandbruket. Jon Tvinnereim og Dagfred Berstad følgjer opp med nye artiklar om løypestrengar og taubaner i Nordfjord.Ei anna innretning som i si tid gjorde arbeidet i