Espeværs historie - endelig mellom to permar. Øane vest av Bømlo låg svært lagleg til under sildefiske på 17-18- og 1900-talet, og slik oppstod eit av dei største fiskeværa på Vestlandet. Slit, tårer og «renders gnidsel» var det nok ein god del av, men og liv og latter når tønnene blei rulla ut frå salteriene, som det var eit førtitals av. Men ikkje berre sild, Espevær blei utgangspunkt for makrelldorging i Nordsjøen, for islandsfiske og fangst i Vestisen, og eit hummarfiske som det står historiske minnesmerke etter. Samfunnet her ute tok opp i seg impulsar frå inn- og utland, skapte originalar og foregangsmenn. Ein må i båt for å komme her ut, og ope hav er framleis knytt til framtida for øysamfunnet. Les om Espevær og kom tett inn på folket her ute, det er historia til kystnorge på det mest fengslande.