I Sauland har vi nå kjennskap til om lag 200 husmannsplassar. Det er såleis mange som finn familierøter på plassar i bygda. Dette gjeld både saulendingar, folk i nabobygder og dei lengre borte. Ikkje minst finst det mange etterkomarar i Amerika.
Ofte har plassen berre restar av ein husmur, ei rydningsrøys eller eit gammalt kjellarhol å vise til i dag. Men dei aller fleste av plassane kan ein finne ved hjelp av koordinatane og dei mange karta i denne boka. Dette gjeld om du er på jakt etter familierøter, eller om du er ein vanleg turgåar i Sauland. Frå 1700-talet førde auka folketal til at ei husmannsklasse voks fram. Husmannen var eigedomslaus, men fekk bygge seg ein heim på ein sjølveigande bondes grunn, på faste føresetnader. Dei fleste husmannsplassane blei liggande i utmarka til gardane. Nokre var spreidde langt frå kvarandre, andre var meir samla og danna eigne husmannsgrender, slik vi ser det på Tuddalsdalen og opp mot Himing og Heksfjell