"Reidar Lødemel (1922-2009) synte tydeleg interesse for målarkunsten. Med løempling som vart til overs og penslar av hønsefjør måla han sine første bilete. Tideleg i ungdommen fekk han rettleiing av Karl Straume og som nittenåring av Oddvar Straume. I 1945 gjekk han målarskule hos Bernt Tunold, og i 1947 var han elev ved Bjarne Engebret sin målarskule i Oslo. Av Arne Kinsarvik i Volda lærte han rosemåling. Reidar Lødemel vart aldri kunstmålar på fulltid. Han arbeidde først nesten tjue år i formingsfag ved Møre Folkehøgskule. Der vart han til han gjekk av for aldersgrensa i 1988. Som pensjonist sleit han med helsa og fekk heller ikkje då måle så mykje som han ville. Han måla helst i nærmiljøet. Men vart inspirert også av arktisk natur i Neiden og Pasvikdalen. Og fann praktfulle gatemiljø i Oslo og Bergen. Han hadde ein stor produksjon, og noko av denne kunsten vert vist i denne boka.Reidar Lødemel tok med seg staffeliet på trøsykkel, på motorsykkel eller i bilen. Han ville møte motivet direkte, som han sa.Det hende at kona Borghild (1926-2021) var med Reidar på motorsykkelen. Borghild var grandtante til Ibrahim Kejo som skildrar dei to i herståande teikning."