Knut Berhard Aarseth har vore aktiv amatørastronom I 50 år (2024), og har norges best utstyrte amatørobservatorium. Gjennom fleire 10-år har han bygt opp Kometland til truleg eit av verdas beste opplevingssenter for amatørastromoni. Observatoriet har heilårsdrift og gir opplevingar for store og små uansett årstid eller veirforhold. Kometland har fleire observatorium med eit 30 tommar teleskop som det største, kanskje det største teleskopet i Skandinavia. Og dei store, informative skilta gjer anleggtet heilt unikt. Ineressa for astromoni skaut fart då han som andre nordmann oppdaga ein komet og fekk namnet sitt knytt til den, C/1989 (Aarseth-Brewington). Kometen hadde ei fast kjerne på ca 5km i diameter og ein hale som på det mest aktive var 10 millionar km lang. Kometen var den klaraste på stjernehimmelen i 1989 og fekk stor merksemd verda over.