Den 24. november 1971 gjekk det eit snøskred I Molaupsgjølet I Hjørundfjorden. Skredet kravde sju menneskeliv, og dette er ei av dei største naturkatastrofene som har råka Nord-Vestlandet. Framstillinga her er for deg som kjenner, eller er interessert I skred, redning og beredskap. Spørsmål som er forsøkt svara ut: Korleis vart kompleksiteten i landbasert redning handtert i ei hending på vinteren i norsk redningsteneste i 1971? Fann ressursane kvarandre og korleis reagerte det offisielle apparatet? Korleis vart dei frivillige brukte? Korleis kommuniserte og samhandla dei? Kva risiko vart teken? Korleis vart ting handterte i etterkant? Kunnskapsoverføring? Korleis levde dei og korleis lever dei etter ei slik hending? Takk til deg som etter alle desse åra opna opp og delte di historie. Dette var ikkje lett. Eg såg deg.