Ny bok om belte- og bandtradisjonen i Setesdal!
Valle bygdekvinnelag er stolte av å fullført eit unikt prosjekt for å dokumentere og formidle deler av Setesdal sitt rike draktarv. Den nye boka, som vart lansert 17. desember 2024, tek lesarane med på ei reise gjennom tradisjonane knytt til belte- og bandveving i Setesdal.
Ei levande kulturarv
Boka gir innsyn i historia, tilverkinga og bruken av belte og band som er ein viktig del av drakttradisjonen i Setesdal - både for kvinner, menn og born, til kvardag og høgtid. Dette er kunnskap som har vore i ferd med å gå i gløymeboka, og fleire av framstillingsmåtane er no sett på som «raudlista».
Eit omfattande innsamlingsarbeid
Arbeidet med boka starta i juni 2022, og etter 2,5 år er resultatet klart. Gjennom dette prosjektet har bygdekvinnelaget fått tilgang til ei rekkje gjenstandar, bilete og historisk materiell som har vore ute av bruk i generasjonar