Ål er helsekommunen. Ål er kulturkommunen. Ål er frivilligkommunen. Slik kan Ål marknadsføre seg både for innbyggjarane sine og for omverda. Slik har det ikkje alltid vore. Frå krigen og fram mot 1970-åra låg Ål på fleire område langt bak andre kommunar når det galdt tenester til sjuke og gamle. Kva skjedde på vegen fram mot det som i dag kanskje er den distriktskommunen i landet med flest helseretta tenester og funksjonar i høve til folketalet? Boka speglar denne utviklinga opp mot trendar og utviklingstrekk nasjonalt og opp mot det som skjedde på andre samfunnsområde i Ål. Boka fortel både kjende og ukjende historier om dei kommunale tenestene, Hallingdal sjukestugu og luftambulansen. Forfattarane presenterer eit omfattande persongalleri. Folkevalde, leiarar, fagpersonar, frivillige og medarbeidarar på alle nivå er løfta fram gjennom heile tidsepoken. Med små og store bidrag har alle desse vore med å skape helsekommunen Ål.