Helsekommunen Ål - det vert so laga fortel om utviklinga av helse- og omsorgstenestene i Ål frå 2000 til 2020. Boka er ein oppfølgjar til boka Helsekommunen Ål - det vart so laga 1936 - 2000 (utgjeve i 2022). Desse tjue åra var prega av samarbeid og samarbeidsprosjekt både mellom kommunane i Hallingdal og med helseføretaket gjennom Hallingdal sjukestugu. Boka er såleis ikkje avgrensa til Ål kommune, men omhandlar helse og omsorg i eit vidare perspektiv, både interkommunalt og regionalt. Korleis hadde det seg at Ål sjukeheim vart peika ut som utviklingssenter for heile Buskerud? Kva var eigentleg historia bak den felles sengeavdelinga på Hallingdal sjukestugu - der kommunane og sjukehuset samarbeider? Og kvar vart det av Hallingforsk? Boka fortel om desse instansane og andre spanande tiltak innan helse- og omsorgstenestene.