Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

I Knud Knudsens hjulspor gjennom Valdres

2024, Innbundet, Nynorsk

298,-

  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

Klarheita, alle detaljane og dei storslegne landskapsbilda til pionerfotografen Knud Knudsen (1832–1915) har i årevis fascinert meg. At du no kan sitja med ei bok med alle hans hovudmotiv frå Valdres mellom hendene, er difor realisering av ein gamal draum.
Knud Knudsen vaks opp i Odda, og ville fyrst bli gartnar. At Hardanger har vorte ein betydeleg fruktregion, er resultat av hans tidlege interesse og iherdige arbeid. Men nokre uår gjorde at han truleg såg eit tryggare levebrød i fotografiet, som midt på 1800-talet var ei spanande, teknisk nyvinning. Likevel heldt interessa hans for fruktdyrking seg gjennom heile livet, og kvar vår var han på Tokheim i Odda og skjøtta frukttrea og utvikla frukthagane.    
Knud Knudsen hadde eige fotoatelier i Bergen frå 1864. Om sumrane reiste han landet rundt og festa folk og storslegne landskap til glasplatene. Vintrane vart brukte til å omskape bilda til eksotiske motiv på papir, som han både selde gjennom butikken sin i Bergen, og i kommisjonssal på skysstasjonar, hotell og landhandlar landet over. Bildesalet gjorde Knud etter kvart til ein halden mann, og han bygde ein stor bygard i Bergen midt på 1880-talet.  
Bildesamlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen (UBB) har teke vare på til saman 12.800 glasplatenegativ etter Knud Knudsen. I 2012 vart fotosamlinga heidra med å bli ein del av Norges dokumentarv i UNESCOs Memory of the World-register.
På ettersumaren 1871 kom Knudsen for fyrste gong på fotoreise gjennom Valdres. Han kom inn frå Dokka, reiste gjennom Etnedal og opp det vestre dalføret – og ut over Filefjell. Fram til 1897 vart det til saman åtte fotoferder gjennom Valdres.                                      
Rundt 540 bilde etter Knud Knudsen er bevarte frå Valdres, og alle houvdmotiva er med i denne boka. Eg har organisert bilda frå dei åtte turane som ei lang reise opp gjennom dalen vår. Sjølv har eg tråla Valdres for å finne att dei same stadane som Knud Knudsen festa til glas-platene – slik vil eg syne forandringane på dei vel 150 åra som er gått sidan han fyrste gongen reiste her.
Bli med på ei kulturhistorisk reise gjennom Valdres!
Helge Gudheim

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Gudheim, Helge (Fotograf) ; Knudsen, Knud (Fotograf)
  • Forlag/utgiver

    Mat & kultur
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Antall sider

    246
  • Utgivelsesdato

    21.10.2024
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788299926416

Kundeanmeldelser

Frakt og levering