Her kan du lese om jekter og jektefrakt frå dei fleste bygdene i Stor- og Hjørundfjorden, og heilt nord til Mesen, Russland. Over ei periode på tre år har Eystein Hjelme samla inn og skrive ned soger frå tida då storparten av handelen i fjordane gjekk føre seg med jekt. Jektene var opne båtar, medan jaktene etterkvart fekk dekk. Teiknet på ei jekt var at den nyttå råsegl. Jakta hadde latinersegl.
Hjelme har oppsøkt folk langs fjordane og samla ei oversyn over forholda for både båtbyggarar og jekteeigarar. Han greier ut om kva som var nødvendig for drifta av jektene, geografiske forhold, verktøy og ikkje minst om seng og forlis. Les om jektehistoriene frå Tafjord, Fjørå, Muldal, Valldal, Dalsbygda, Norddal, Stordalen, Liabygda, Stranda, Synnylven, Åkernes, Geiranger, Sykkylven, Skodje, Hjørundfjord og Bjørkedalen.
Boka er på 125 sider og 150 bilete.