Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Terrorisme i norsk strafferett - ein analyse av straffelova kapittel 18

2018, Innbundet, Norsk Nynorsk

759,-

  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrorførebuing og deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar. Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med dei internasjonale reglane på området. Den gryande rettspraksisen i terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt parallellar til lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane. Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen. Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa og utforma slik at dei representerer eit vern av og ikkje ein trussel mot rettsstaten. Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Husabø, Erling Johannes (for)
  • Forlag/Utgiver

    Vigmostad & Bjørke AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    355
  • Emnekategori

    Strafferett: terrorisme
  • Kom i salg

    4. okt. 2018
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788245024371

Kundeanmeldelser

Frakt og levering