Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Åndeleg helse - livssyn og menneskesyn hos alternative terapeutar

2013, Pocket, Norsk Nynorsk

439,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk

Bruken av alternativ terapi aukar stadig i Noreg og andre vestlege land. Annankvar person her til lands nyttar alternativ behandling. Men kva er slik terapi, og kva er den auka bruken uttrykk for? Kva idear og førestillingar er utgangspunkt og motivasjon for at nokre vel å driva med alternativ terapi?


I boka Åndeleg helse undersøker Anne Kalvig kva menneske- og livssyn som kjem til uttrykk hos terapeutar som arbeider innan ulike alternative terapiar der spiritualitet inngår. Ni alternative terapeutar reflekterer omkring kva kropp, sjel og ånd er, kva kjønn, sjukdom og liding blir forstått som og kva relevans terapeutisk virke kan ha i eit samfunnsperspektiv. Forfattaren ønsker å visa korleis terapifenomenet, og terapeutane er eit viktig trekk ved den seinmoderne, vestlege kulturen, som Noreg er del av.


Boka er tenkt som kjelde til kunnskap for alle som er interesserte i det såkalla alternative innslaget i kulturen. Boka er særleg brukeleg for studentar i samfunns-, kultur- og helsefag, der kunnskap om og innsikt i seinmodernitetens integrerte spiritualitet kan vera del av fagstoffet. Sist er boka relevant for den store gruppa alternative terapeutar i samfunnet, og deira klientar, støttespelarar og kritikarar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Kalvig, Anne (for)
  • Forlag/Utgiver

    Cappelen Damm AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2013
  • Antall sider

    291
  • Emnekategori

    Alternativ medisin
  • Kom i salg

    30. nov. 2012
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788276349900

Kundeanmeldelser

Frakt og levering