Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Profesjonsetikk i vernepleie

2025, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Som vernepleiar må ein balansere mange omsyn, og handtere krysspress frå fleire aktørar. Brukarar skal behandlast med respekt og omsorg, ein skal samarbeide godt og effektivt med andre profesjonar og sikre høg kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike situasjonar kan ulike krav og forventningar ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette er utgangspunktet for denne innføringsboka i profesjonsetikk i vernepleie.
 
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. I andre del av boka ser ein på vernepleiarrolla, kva normer og verdiar som ligg til grunn, og kva utfordringar og problemstillingar som pregar arbeidskvardagen. Her står sjølvbestemming og beslutningsstøtte sentralt, men problemstillingar rundt fordommar og diskriminering, konflikthandtering og det å tale den svake parts sak blir også grundig behandla. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel. 
 
I den reviderte utgåva av boka får ulike aspekt ved paternalisme større plass, og det er sett inn fleire og oppdaterte eksempel på etiske problemstillingar frå relevante tenesteområde.
 
Karl Elling Ellingsen er professor emeritus ved Institutt for psykisk helse (IPH), NTNU. Ellingsen har vore leiar av Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU) og har utgitt ei rekkje bøker og fagartiklar om utviklingshemming og deltaking, sjølvbestemming og vernepleiefagleg skjønn. I 2017 fekk han SOR prisen for sin innsats for å betre levekår for menneske med utviklingshemming.
Lars Rune Halvorsen er førstelektor og instituttleiar ved Institutt for velferd, leiing og organisasjon ved Høgskolen i Østfold. Halvorsen har særleg arbeidd med profesjonsutøving og profesjonsetikk, forholdet mellom sjølvbestemming og varetaking, systematisk miljøarbeid og åtferdsanalyse. I tillegg til brei undervisnings- og rettleiingserfaring har han publisert ei rekkje vitskaplege publikasjonar, leserinnlegg og kronikkar.
Einar Aadland er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Aadland, Einar (for) ; Ellingsen, Karl Elling (for) ; Halvorsen, Lars Rune (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    206
  • Emnekategori

    Etikk og moralfilosofi, Sosiale tjenester og sosial velferd
  • Kom i salg

    24. juni 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234014796

Kundeanmeldelser

Frakt og levering