Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Profesjonsetikk i sjukepleie

2019, Pocket, Nynorsk

369,-

På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis sjukepleieyrket skal utøvast. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg. I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar. Andre del av boka går inn på vanlege etiske utfordringar ein kan møte som sjukepleiar. Etter ein gjennomgang av lovverk og profesjonsetiske retningslinjer blir utfordringar knytte til teieplikt, autonomi og tvang og andre sentrale tema grundig behandla. Her blir også tema som prioritering, lojalitet og varsling tekne opp, og gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennelege eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit eige kapittel til slutt i boka blir forskingsetikk behandla. Herdis Alvsvåg (f. 1952) er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen. Ho er utdanna sjukepleiar og sosiolog og har særleg arbeidd med ulike kunnskapsformer, omsorg, læring og danning. Alvsvåg har publisert fleire bøker og artiklar baserte på forsking på desse felta og har også vore redaktør for fleire utgivingar. Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytt mastergradprogrammet i «Verdibasert ledelse» og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

Anmeldelser av Profesjonsetikk i sjukepleie:

«. aktuell, praksisnær og grundig..(..).. Denne boka. utreder hvordan svulstige ord som klokskap kan forstås som kunnskapsbasert praksis. Boka kan leses som en korreksjon til strømninger og verdisyn som påvirker og former sykepleieutøvelsen i en stadig mer budsjettfokusert pleie.
- Ingrid Jahren Scudder, Sykepleien

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Nitter, Amund (Illustratør)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2019
  • Antall sider

    221
  • Utgivelsesdato

    26.06.2019
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788252194753

Kundeanmeldelser

Frakt og levering