Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Vitskapsteori i helsefag - ei innføring

2025, Pocket, Norsk Nynorsk

399,-

Fri frakt
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Denne boka handlar om vitskapsteori med særleg fokus på helsefaga, altså korleis fagleg kunnskap vert utvikla og vurdert innan dette feltet. Helsefagleg praksis er forankra i forsking, og derfor er innsikt i vitskapsteoretiske spørsmål avgjerande for profesjonell praksis. Vitskapsteori gir oss grunnleggande perspektiv på forsking og er eit verktøy for å stille spørsmål ved metodiske val, vurdere etiske aspekt og avgjere kva som er gyldig kunnskap.
 
I boka trekker forfattarane opp grensene for vitskap og diskuterer kva rolle verdiar spelar i forsking, og om objektivitet er mogleg. Vidare gir dei ei oversikt over kunnskapstypane innan helsefaga, før dei tar for seg dei to metodiske tilnærmingane, den kvalitative og den kvantitative tradisjonen. Dei viser korleis desse to breie kunnskapsvegane tar utgangspunkt i ulike spørsmål, og korleis dei skaper ulike former for kunnskap. Avslutningsvis diskuterer dei kunnskapsbasert praksis; korleis praksiskunnskapen kan bli blind om den er utan feste i vitskapleg kunnskap, samtidig som den vitskaplege kunnskapen vil miste mykje av sin verdi om den ikkje blir omsett til praksis. Korleis foreiner ein den vitskaplege, dokumenterte kunnskapen med dei helsefaglege oppgåvene som skal utførast?
 
Boka inneheld også ei fyldig liste med forklaringar av sentrale omgrep i vitskapsteorien.
 
Dag Jenssen er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag ved OsloMet - storbyuniversitetet.
 
Malin Knutsen Glette er førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Glette, Malin Knutsen (for) ; Jenssen, Dag (for)
  • Vareeier

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    203
  • Emnekategori

    Medisin: generelle emner, Vitenskapsfilosofi
  • Kom i salg

    17. nov. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234002496

Kundeanmeldelser

Frakt og levering