Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Barnehageeigarar mellom stat, marknad og sivilsamfunn

2021, Heftet, Nynorsk

419,-

På lager – Forventes sendt innen 1-4 virkedager
  • Klikk & Hent er midlertidig utilgjengelig grunnet systemoppgraderinger - forventes tilgjengelig 12. mai
Den norske barnehagesektoren er kjenneteikna av at kommunale og ei rad ulike private aktørar driv barnehagar. Somme av dei er svært store og ressurssterke, medan andre er nokså små. Er dei også ulike når det gjeld tilnærminga dei har til barnehageverksemd? Har dei ulike verdigrunnlag, vektleggingar, konkurransetilnærmingar eller syn på korleis barnehagen skal knytast til oppvekstfeltet elles? Legg dei ulike organisatoriske rammevilkår for profesjonell autonomi og fagleg utvikling?

Dei private aktørane er ikkje fullt ut underlagt offentleg styring, samstundes er dei avhengige av kommunal godkjenning og finansiering. Sektoren har sterke innslag av nettverksstyring, der aktørane har stor fridom i utforminga av tilbodet og i korleis dei vil samarbeida med andre. Denne boka er eit bidrag til innsikt i korleis styringsstrukturen i sektoren fungerer, med vekt på eigarane og korleis dei verkar inn på barnehagetilbodet.

Boka gjer bruk av empiri frå to prosjekt finansiert av Norges forskningsråd, SOL-prosjektet (Styring, organisering og leiing i barnehagesektoren) og Læring for leiing-prosjektet (intervju- og spørjeskjemadata).

Boka er aktuell for leiarar på ulike nivå i barnehagesektoren, for forskarar og for studentar på fordjupingsnivå.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Universitetsforlaget
  • Format

    Heftet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    203
  • Utgivelsesdato

    26.03.2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788215028262

Kundeanmeldelser

Frakt og levering