Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Didaktiske val i barnehagen - plan, praksis, perspektiv

2026, Innbundet, Nynorsk

379,-

Fri frakt
På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

Korleis kan barnehagelærarar bruke didaktisk kunnskap til å skape meining og læring i kvardagen? Denne boka utforskar didaktikk som eit sentralt verktøy for å forstå og utvikle praksis i barnehagen. Med utgangspunkt i Rammeplanen for barnehagen og Rammeplanen for barnehagelærarutdanninga drøftar forfattaren korleis didaktisk kompetanse kan styrkje det faglege arbeidet – både i planlagde aktivitetar og spontane augeblinkar.

Boka byrjar med ein samtale med barnehagelærarar og undervisarar om kva didaktisk kompetanse eigentleg er, kva dei har lært, og korleis dei nyttar kunnskapen i møte med barna. Vidare set forfattaren didaktikken inn i ei fagleg ramme, der avgrensing og definisjonar er viktige for å kunne bruke didaktiske modellar og reiskap på ein god måte. Ein ser nærare på korleis barnehagepolitikken, gjennom rammeplanar og styringsdokument, formar det didaktiske arbeidet – frå 1986 og fram til i dag. Forfattaren tek også for seg bruken av sentralt utvikla program og metodar: Kva gevinstar og utfordringar ligg i å følgje ferdige manualar? Trugar dette den profesjonelle skjønnsutøvinga?

Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.

Svein Ole Sataøen er dosent emeritus i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet. Han har gjennom fleire år vore oppteken av barns oppvekstmiljø, barnehageutvikling og barnehagepolitikk. Han han skrive fleire bøker og artiklar, og hatt ansvar for større regionale og nasjonale prosjekt og evlaueringsarbeid.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    137
  • Utgivelsesdato

    03.06.2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234016530

Kundeanmeldelser

Frakt og levering