Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken

2022, Pocket, Bokmål, Nynorsk
På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag, men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lærarar fagspråk og utgangspunkt for å tenkja og samarbeida om samfunnsfaget, og fagdidaktikken kan tydeleggjera dei mange vegval lærarar står overfor. Denne boka er meint som eit bidrag i denne utviklinga av samfunnsfagdidaktikken. Ho tematiserer korleis faget vert formidla til elevane i grunnskulen og vidaregåande skule. Boka inneheld empiriske analysar, forskingsoppsummeringar, problematiseringar og teoriutviklande kapittel, og ho er disponert i fire delar. Den fyrste tar opp tema som gjeld samfunnsfaget samla, på tvers av fagleg innhald. Dei tre neste delane er bidrag knytt til ulike kjerneelement i faget, demokratiforståing og deltaking, berekraftige samfunn, identitetsutvikling og fellesskap. Det er også eit kapittel om utforsking, og kritisk tenking er teke opp i fleire av bidraga. Boka er tenkt for vidarekomne i samfunnsfagdidaktikken, det vil seia for lærarutdannarar og fagdidaktiske forskarar, så vel som for masterstudentar og bachelorstudentar som skal fordjupa seg i samfunnsfagsdidaktikk. Boka er eit utgangspunkt for fagdidaktiske vurderingar i praksis, utviklingsprosjekt, forsking og i studentarbeid. Kjetil Børhaug, Odd Ragnar Hunnes og Åshild Samnøy har vore redaktørar for boka, og bidragsytarane elles er Harald Borgebund, Kristin Evju, Marlen Ferrer, Kari Aslaug Hasle, Lars Gaute Jøssang, Mona Langø, Daniela Muñoz, Torjer A. Olsen, Katja H-W Skjølberg, Kjersti Straume, Christian Sæle, Elin Sæther, Per Jarle Sætre, Harald Endre Tafjord og Irene Trysnes.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Børhaug, Kjetil (Redaktør) ; Hunnes, Odd Ragnar (Redaktør) ; Samnøy, Åshild (Redaktør)
  • Forlag/utgiver

    Fagbokforlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Bokmål, Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    308
  • Utgivelsesdato

    20.04.2022
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788245037913

Kundeanmeldelser

Frakt og levering