Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

På rett veg med rettleiinga - master- og bachelorrettleiing i lærarutdanningane

2024, Pocket, Nynorsk

423,-529,-

20%
Utilgjengelig
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Kva kjenneteiknar god masterrettleiing? Kva må til for at studentane skal lukkast med sine skriveprosjekt? Og korleis kan ein rettleiar bidra både med støtte og nye perspektiv?

På rett veg med rettleiinga har som føremål å gi oversikt, innsikt og forståing som kan bidra til auka kvali tet i masterrettleiinga og anna fagleg rettleiing i profesjonsutdanningane. Tekstane byggjer på teori og erfaringar forfattarane har gjort i rettleiingsarbeid på ulike nivå i høgare utdanning. Boka er delt inn i tre hovuddelar. Første del set rettleiing inn i ein overordna utdanningskontekst. Den andre delen handlar om problemstillingar knytte til relasjonar, dialog og kommunikasjon. Del tre klargjer og drøftar rettleiingsmetodikk, roller, organisering og modellar for gjennomføring av rettleiing.

Forfattarane representerer ulike undervisnings- og forskingsfelt i høg-skulesektoren. Fleire av dei har også røynsle frå arbeid i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. For dei fleste av skribentane er master rettleiing noko nytt, og eit landskap dei gjerne vil utforska. Kapitla er skrivne med utgangspunkt i tema som dei er særleg opptek-ne av. Det som er felles, er eit ønske om å få meir kunnskap om som-me av dei komplekse sidene ved rettleiingsarbeidet. Vi vonar antolo-gien kan vera eit bidrag til meiningsbryting og kunnskapsutvikling gjennom erfaringsdeling, diskusjon og kritikk. Vi trur at kapitla kan få fram problemstillingar og dilemma som det må forskast vidare på.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Trysnes, Irene (Redaktør) ; Skjølberg, Katja Haaversen-Westhassel (Redaktør)
  • Forlag/utgiver

    Universitetsforlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Antall sider

    217
  • Utgivelsesdato

    22.03.2024
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788215069227

Kundeanmeldelser

Frakt og levering