Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Samtidslyrikk i klasserommet

2017, Pocket, Norsk Nynorsk

469,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Hovudmålet med denne boka er å vise korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk, kreativt. Her er samtidslyrikken utgangspunktet for den klassiske diktanalysen, for fagsamtalen, for fordjupingsemnet, for diktopplesing, kreativ tekst og klassesamtalar om litterær kvalitet. Boka inneheld presentasjonar av nokre forfattarar og lesingar av utvalde dikt. I tillegg får lesaren vere med på nokre funderingar over spørsmål ein truleg berre møter i lyrikken: Kan ein måle universet med teskei? Kva slags bruer kan vekse ut i verdsrommet? Korleis lyser epla på trea? Korleis hindrar skulen skogen? Samtidslyrikk i klasserommet er eit forsvar for poesien og skjønnlitteraturens vedunderkraft, for den langsame tenkinga og danninga. Boka er samstundes eit forsvar for ei systematisk og eksplisitt norskfagleg lese- og skriveopplæring, og for den nytteverdien ei slik lese- og skriveopplæring har for andre fagfelt og yrke. Kjersti Rognes Solbu er norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole og rådgjevar ved Skrivesenteret. Ho har mastergrad i litteraturvitskap frå NTNU (2006). Solbu har vore dagleg leiar i Landslaget for norskundervisning, tidsskriftsredaktør for Ratatosk og medredaktør for boka Søsken (Samlaget 2011). Jon Opedal Hove har arbeidd som norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole sidan 2008. Han har mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (2007). Hove har vore med i redaksjonen i litteraturtidsskriftet Prosopopeia og publisert bokmeldingar i tidsskriftet Norsklæraren.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Hove, Jon Opedal (for) ; Solbu, Kjersti Rognes (for)
  • Forlag/Utgiver

    Fagbokforlaget Akademisk
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2017
  • Antall sider

    268
  • Emnekategori

    Undervisningsmetodikk og utdanningspolitikk
  • Kom i salg

    25. juli 2017
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788245022483

Kundeanmeldelser

Frakt og levering