Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Skrive for nåtid og framtid 2 - skriving og rettleiing i høgre utdanning

2007, Pocket, Svensk

369,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
I oktober 2006 arrangerte skriveforskingsmiljøet i Trondheim to nordiske konferansar. Den første, Skrive for nåtid og framtid, retta søkelyset mot dei behova for ny kunnskap om skriving i utdanning og yrkesliv som ein ser i samfunnet i dag. I den andre konferansen, Skriving og rettleiing i høgre utdanning, låg vekta på akademiske tekstar og på å rettleie studentar i deira skriving. På begge konferansane vart det presentert interessant forsking. Bøkene Skrive for nåtid og framtid, bind 1 og 2, inneheld artiklar som byggjer på presentasjonar på konferansane. Bøkene viser breidda i nordisk skriveforsking i dag med artiklar som tar føre seg til dømes skriving blant arbeidarar i oljeindustrien, skriving på alle trinn i utdanningssystemet - frå barnehage til universitet, skriving i ulike sjangrar og modalitetar, bruk av skriving i ulike profesjonar, ulike måtar å drive skriveopplæring på, for å nemne noko. I tillegg inneheld bøkene artiklar som gir eit meir overordna perspektiv på ulike sider ved skriveforskingsfeltet. Såleis presenterer ein artikkel eit grundig historisk tilbakeblikk og gjer opp status om kor skriveforskinga står i dag, internasjonalt og i Norden; ein annan kastar nytt lys over forholdet mellom talt og skrive språk; ein tredje tar føre seg det teoretiske og epistemologiske grunnlaget for forståing av skriftlegheit i den felles europeiske referanseramma som utdanningane våre i dag må forhalde seg til. Til saman viser og problematiserer artiklane i dei to bøkene ulike teoretiske tilnærmingar i arbeid med skriving. Synnøve Matre er førsteamanuensis i norsk ved Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, Høgskolen i Sør-Trøndelag. Torlaug Løkensgard Hoel er professor innanfor norskdidaktikk ved Program for lærarutdanning, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Skriveforskingsmiljøet i Trondheim har eksistert i nærare 20 år. Hovudinteressefeltet har vore skriving i skolen. Miljøet kan vise til fleire doktorgrader, mykje forsking og stor aktivitet med tanke på skriveopplæring. Aktiviteten dei siste åra omfattar m.a.: . eit tverrfagleg og tverrinstitusjonelt forskingsprosjekt som studerer skriving i ulike fag i skolen . samarbeid med skriveforskarar nasjonalt og internasjonalt . eit gryande samarbeid med yrkeslivet . arbeid for å få etablert eit nasjonalt senter for skriveforsking og skriveopplæring

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Hoel, Torlaug Løkensgard (red) ; Matre, Synnøve (red)
  • Forlag/Utgiver

    Vigmostad & Bjørke AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Svensk
  • Utgivelsesår

    2007
  • Antall sider

    221
  • Serienavn

    Skrive for nåtid og framtid
  • Emnekategori

    Høyere utdanning, Studie- og læringsferdigheter: generelt
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788251922401

Kundeanmeldelser

Frakt og levering