Etter mange års studiar og klinisk arbeid har forfattarane av denne boka vorte opptekne av kor viktig det er å nytte kunnskap frå mange hald for å forstå menneskelege sjukdommar og plager. I denne boka vert det lagt vekt på ein holistisk tenkjemåte, ikkje berre på eitt favorisert forklaringsprinsipp. Etter at første delen presenterer ulike teoriar, fortel forfattarane levande historier om oppseding til reinsemd, funksjonelle plager og alvorlege somatiske symptom. Desse blir diskuterte i høve til teoriane og høvelege tiltak. Boka kan tene som bindeledd mellom den detaljkunnskapen ein får i grunnbøker i fysiologi, psykologi og sjukdomslære. For å få fram bodskapen bruker forfattarane mange kliniske døme som forklarer teoriane og viser ulike effektive tiltak. I skriveprosessen har delar av boka vore nytta i undervisning av helsepersonell på alle utdanningssteg, av psykologar og lækjarar i psykoterapeutisk etterutdanning og av fysioterapeutar og sjukepleiarar i etterutdanningskurs. Boka er pedagogisk tilrettelagd, slik at ho skal vere lett tilgjengeleg for studentar i dei treårige helsefaghøgskulane. Asbjørn O. Faleide er dr.philos., spesialist i klinisk psykologi med psykoterapi, offentleg godkjend sjukepleiar og godkjend læreterapeut. Han har brei arbeidserfaring frå psykiatrien, har publisert fleire bøker og artiklar og arbeider til dagleg ved Psykosomatisk institutt i Oslo. Lilleba B. Lian er spesialist i klinisk psykologi. Ho har magistergrad i psykologi med klinisk tilleggsutdanning. Frå før har ho cand.scient.-grad i biokjemi med immunologi som fordjupingsområde. Ho har brei erfaring frå forsking, undervisning og klinisk arbeid og er no i distriktspsykiatrisk arbeid.