Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Etisk ansvar i spesialpedagogikken

2025, Pocket, Norsk Nynorsk

399,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Etikk handlar om det som skjer mellom menneske, og val vi må ta når det gjeld korleis vi møter våre medmenneske. I boka Etisk ansvar i spesialpedagogikken drøftar forfattaren det personlege moralske ansvaret ein spesialpedagog har i møte med barn som av ulike grunnar har behov for ekstra støtte, både når det gjeld store grunnlagsspørsmål og praksisnære utfordringar. Drøftinga skjer i lys av Knud Ejler Løgstrups etiske tenking og tankane hans kring ansvaret for den andre sitt liv som vi har i våre hender.
Forfattaren nyttar døme frå praksis til å gjere teorien tilgjengeleg og handgripeleg for lesaren. Refleksjonsspørsmål inviterer lesaren til å ta stilling, slik at det vert ein dialog mellom lesar og tekst. Boka er skriven for studentar i spesialpedagogikk, og har med seg bidragsytarane Hilde Christine Hoflundsengen og Astrid Reidun Berglid Bakken, ved HVL, avdeling Sogndal, på to kapittel.

KAREN INGEBJØRG DRAUGSVOLL (f. 1985) er utdanna barnehagelærar og har mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som pedagogisk leiar og spesialpedagog i barnehage, og arbeider i tillegg som forfattar. Ho har gjeve ut ei rekkje artiklar relaterte til barnehagen og etiske spørsmål.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Draugsvoll, Karen Ingebjørg (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    171
  • Emnekategori

    Etikk og moralfilosofi, Spesialundervisning
  • Kom i salg

    10. feb. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234013942

Kundeanmeldelser

Frakt og levering