Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Etisk ansvar i spesialpedagogikken

2025, E-bok, Nynorsk
E-bok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. E-boka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
Etikk handlar om det som skjer mellom menneske, og val vi må ta når det gjeld korleis vi møter våre medmenneske. I boka Etisk ansvar i spesialpedagogikken drøftar forfattaren det personlege moralske ansvaret ein spesialpedagog har i møte med barn som av ulike grunnar har behov for ekstra støtte, både når det gjeld store grunnlagsspørsmål og praksisnære utfordringar. Drøftinga skjer i lys av Knud Ejler Løgstrups etiske tenking og tankane hans kring ansvaret for den andre sitt liv som vi har i våre hender.
Forfattaren nyttar døme frå praksis til å gjere teorien tilgjengeleg og handgripeleg for lesaren. Refleksjonsspørsmål inviterer lesaren til å ta stilling, slik at det vert ein dialog mellom lesar og tekst. Boka er skriven for studentar i spesialpedagogikk, og har med seg bidragsytarane Hilde Christine Hofslundsengen og Astrid Reidun Berglid Bakken, ved HVL, avdeling Sogndal, på to kapittel.

KAREN INGEBJØRG DRAUGSVOLL (f. 1985) er utdanna barnehagelærar og har mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som pedagogisk leiar og spesialpedagog i barnehage, og arbeider i tillegg som forfattar. Ho har gjeve ut ei rekkje artiklar relaterte til barnehagen og etiske spørsmål.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    171
  • Utgivelsesdato

    31.01.2025
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234013959

Kundeanmeldelser

Frakt og levering