Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Kunsten å kunne - om lede og glede i det personlege kunnskapslivet

2015, Pocket, Norsk Nynorsk

329,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Mange bøker handlar om korleis kunnskap tek til – om læring. Denne boka handlar meir om at kunnskap kan ta slutt eller kome til kort – at kunnskapen kan miste kontaktar i verda og tape bruksverdi i livet til den som eig kunnskapen.

Når kunnskap er stadfesta eller sikra med ulike sterke band, kan kunnskapen få personleg berekraft. I motsett fall kan kunnskapen både bli einsam og keisam eller han kan bli uskarp, ukritisk, feig eller lat.
Det kostar å halde seg med kunnskap. Og det å vere kunnskapsrik er ikkje eit spørsmål om kvantitet, men om kvalitet. Utdanning er berre ei halv forsikring for eit langt og vitalt kunnskapsliv. I eit samfunn der kunnskapskrava endrar seg radikalt gjennom livsløpet, kan vernet om kunnskapsgleda hos vaksne vere like viktig som det å fremje læringslysta hos dei unge, hevdar forfattaren.
Boka tilbyr ulike teoretiske perspektiv på kva det vil seie å forvalte personleg kunnskap på ein god måte. Ansvaret for ei slik forvalting er ikkje først og fremst ei sak for profesjonelle pedagogar, men gjeld den enkelte i sitt eige kunnskapsunivers. Den som vil  gjere inspeksjonar i eige kunnskapsliv, og som kanskje strevar med å skjøtte relasjonar til personlege objekt for kunnskap i kvardagen eller i arbeidslivet, kan ha godt av å lese denne boka.
"Kritisk, men optimistisk bok om kunnskapslivets venner og fiender." Bokomtale i Forskerforum.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Båtnes, Per Inge (for)
  • Forlag/Utgiver

    Gyldendal Norsk Forlag AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2015
  • Antall sider

    308
  • Emnekategori

    Filosofi: erkjennelsesteori og kunnskapsteori, Kunnskapsforvaltning
  • Kom i salg

    12. okt. 2015
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788205464896

Kundeanmeldelser

Frakt og levering