Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Den andre verdskrigen i norsk etterkrigsminne

2021, E-bok, Nynorsk
E-bok
Dette produktet er ikke tilgjengelig for kjøp for øyeblikket.

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Den andre verdskrigen er ikkje ferdig fortid, men eit høgst levande tema i samtidskulturen. Krigen er godt eigna som grunnlag for å diskutere allmenne verdispørsmål og moralske dilemma, men kva som har vorte sett som viktig å fortelje og diskutere om krigen, forandrar seg etter som nye spørsmål blir aktuelle. Ettertida brukar kort sagt krigen for å forstå og påverke eiga samtid betre. Denne boka dreg opp hovudlinjene i korleis den andre verdskrigen har vorte hugsa, forstått og framstilt i norsk etterkrigstid. Hovudperspektivet er korleis minnet om krigen har vorte teke vare på og utvikla seg i norsk offentlegheit. Den faghistoriske litteraturen og debatten går inn i dette biletet, men er berre ein del av det. Somme tema og perspektiv, framfor alt motstandskampen og kven som var vener og fiendar, har vore godt synlege heile tida. Andre, som lenge låg i skuggen, vart langt seinare ein viktig del av debatten. Lagnaden til dei norske jødane er eitt slikt tema. Kan ein tale om heilt nye perspektiv på krigen, eller er det berre den etablerte heimefrontforteljinga som har vorte utvida og nyansert? Ola Svein Stugu (f. 1947) er professor emeritus ved Institutt for historiske studium ved NTNU. Han har særleg arbeidd med by- og regionhistorie og historiedidaktikk og har mellom anna skrive "Kunnskapsbyen. Trondheims historie" (1997), "Historie i bruk" (2008) og "Norsk historie etter 1905" (2018)..

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Stugu, Ola Svein (Forfatter)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    194
  • Serienavn

    Utsyn&innsikt
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234001598

Kundeanmeldelser

Frakt og levering