Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Tradisjonen tru - om folkedraktgranskar Aagot Noss

2016, Innbundet, Norsk Nynorsk

295,-369,-

20%
På nettlager - sendes innen 2-5 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Aagot Noss fekk ein dramatisk start på livet, og dramatikk blei det seinare i livet også. Mora døyde i barselseng, og Aagot voks opp hjå besteforeldra. Far sin hadde ho nesten ingen kontakt med. Ho var ei gåverik jente, og fekk gå på skule. Men krigen sette stoppar for ein del av skulegangen.

Vi liker ikke filologer fekk Aagot høyre då ho kom som ung til Norsk Folkemuseum. Likevel blei ho der i førti år. År med glede, store oppgåver og konfliktar. Bunadsdronninga blei ho kalla. Knapt nokon har gjort så mykje for å samle og spreie kunnskap om norske folkedrakter. Boka har eit unikt bildemateriale, og speglar ein av dei store kulturpersonlegdomane i vårt land i medgang og motgang.

Anne Lognvik er journalist med nær førti år bak seg i NRK. Ho kjem frå Rauland i Telemark og har bygdebakgrunn som Aagot Noss. Gjennom sine universitetsstudium blei ho kjent med Noss som forelesar på etnologi. Boka byggjer på intervju med Aagot Noss, familie, kollegaer og folk som stod henne nær. Forfattaren har lagt vekt på å lage ein ærleg biografi, ikkje eit glansbilde.

Tone Oppsato frå Ål er bilderedaktør for boka. Ho har design-utdanning og har blant anna vore med på å lage bokserien Gamle Aal. Bildematerialet er skaffa frå familie og venner, tidlegare kollegaer av Noss i inn- og utland, og ein del nye foto.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Lognvik, Anne (for)
  • Vareeier

    Novus AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2016
  • Antall sider

    230
  • Emnekategori

    Sosial- og kulturhistorie, Sosialantropologi og kulturell antropologi
  • Kom i salg

    15. aug. 2016
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788270998241

Kundeanmeldelser

Frakt og levering