Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Oppbrotsteologi på det lange 70-talet - frigjeringsteologi, marxisme, sosialetikk

2022, Innbundet, Norsk Nynorsk

479,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

68-opprøret var eit internasjonalt fenomen som nådde Norge og som kom til å prege 1970-åra. Radikalisering av unge kristne var ein særprega del av opprøret. Utanfor den amerikanske ambassaden demonstrerte teologiske studentar mot krigen i Vietnam. Og det skjedde ei vekking til ansvar for den tredje verda, som medskuldige i kolonialismen. Kyrkjenes Verdsråd registrerte ei revolusjonær oppbrotsstemning i verda, saman med ein tilsvarande frigjeringsteologi: Gud står på dei undertrykte si side! Her heime vart kapitalismen i form av den korporative sosialdemokratiske staten gjort til ein hovudfiende. Vi fekk også ein radikal kvinnekamp.
I denne situasjonen fekk vi fenomenet 'kristen-radikalarane', som raskt vart til kristen-sosialistar. Desse fekk behov både for å legitimere seg teologisk overfor ei borgarleg kyrkje og for å utforme ein teologi som grunngav aktiviteten.
Denne boka er første del av den første større undersøkinga av korleis kristen-radikalarane utvikla ein teologi for sin praksis i det som er kalla 'det lange 70-talet'. Oppbrotet gjaldt ikkje berre politikk og marxisme. Det kom også ei sosialetisk vekking, inkludert eit økologisk engasjement og eit kvinneopprør i kyrkja. Boka fylgjer brytingane tett i tekst og tid, der teologien skjer.
Boka vender seg til den som er interessert i 68-fenomenet og vil ha ei grundig historie om korleis radikaliseringa arta seg i teologisk bryting og sosialetisk engasjement i denne turbulente perioden.

Anmeldelser av Oppbrotsteologi på det lange 70-talet:

«Ulstein har skrive ei grundig framstilling med solid dokumentasjon ved notar og litteraturliste. Det dreier seg om ei innhaldsmetta bok på over fem hundre store sider. [...] Språkleg er det ein fryd å lesa [...] Her er mykje stoff til kunnskap og ettertanke, og til forklaring av det som skjedde frå slutten av 1960-talet og eit par tiår framover. Noko av det har ikkje den store aktualiteten ut over det som skjedde då, men anna fekk konsekvensar for den vidare utviklinga og situasjonen i dag.»
- Johannes Kleppa, Dagen 5. september 2022
«Ulsteins Oppbrotsteologi på det lange 70-talet er ei rettkomen påminning om at også trus- og kyrkjelivet er ein del av norsk historie. Det er ei opplyftande og rik bok Ulstein legg fram - eit teologisk nybrotsarbeid.»
- Rune Slagstad, Dag og Tid 13. mai 2022

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Ulstein, Jan Ove (for)
  • Forlag/Utgiver

    Cappelen Damm AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    512
  • Serienavn

    Religionsfag profil
  • Serienummer

    44
  • Emnekategori

    Marxisme og kommunisme, Politisk aktivisme
  • Kom i salg

    31. mars 2022
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788202753689

Kundeanmeldelser

Frakt og levering