Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Vegar i vegløysa? - ungdom, identitet og livssynsdanning i det postmoderne

2011, Pocket, Norsk Nynorsk

319,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Vestleg samtidskultur lèt seg framleis prega av postmoderne drag. Det gjeld ikkje minst den kultursfæren som unge menneske tek del i. Det er i ulike utgåver av ungdomskulturen at både religionen og vitskapen sine store forteljingar har tapt aller mest av den tradisjonelle autoriteten sin. Og det er nett i denne kultursfæren dei mange små forteljingane, i form av mediafokuserte og kommersialiserte trendar og tendensar, har funne den beste tumleplassen for døgnflugeliva sine. Ein ungdomskultur prega av postmoderne vilkår for kommunikasjon og livssynsdanning er ei krevjande utfordring for ei kyrkje som knyter identiteten sin til ein totusenårig tradisjon. For bodskapen hennar er knapt forståeleg i det heile utan i lys av den store forteljinga han spring ut av. For å kunna møta utfordringane på den arenaen som den samtidige ungdomskulturen representerer, treng kyrkja difor nye omgangar av teologisk og kulturanalytisk refleksjon. Det er slike refleksjonar forfattarane av denne boka ønskjer å bidra til når dei tek opp tema som ungdomsteologi, kontekstualisering, teksttolking, livssynsdanning, populærkultur og virtual reality.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Aadnanes, Per M. (red) ; Ulstein, Jan Ove (red)
  • Forlag/Utgiver

    Vigmostad & Bjørke AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2011
  • Antall sider

    183
  • Emnekategori

    Religion og tro
  • Kom i salg

    27. jan. 2011
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788251927413

Kundeanmeldelser

Frakt og levering