Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Tett på nyheitene - nyheitsvurderingar i fem redaksjonar

2024, Heftet, Nynorsk
På lager – Sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Kva er ei god nyheitssak?

Denne boka gir deg eit innsyn i journalistisk arbeid i fem nasjonale nyheitsredaksjonar og kva for nyheitsvurderingar og kvalitetskriterium ein moderne nyheitsredaksjon legg til grunn for utval, tilpassing og presentasjon av nyheiter. Forfattarane, som alle er tilsette ved Institutt for journalistikk ved Høgskulen i Volda, har undersøkt korleis nyheitsvurderingar blir gjorde i praksisfeltet. For å undersøkje dette har dei besøkt fem redaksjonar: NRK, TV 2, Nettavisen, Aftenposten og VG. Forfattarane har på denne måten fått tilgang til morgonmøte og arbeidsmetodar og vore «fluge på veggen» i ei veke. I løpet av denne tida har dei fått innsikt i og forståing av korleis dei ulike mediehusa arbeider, og korleis dei enkelte redaksjonane vurderer kva som er ei god sak.

Dette er ei bok for deg som allereie er journalist, som ønskjer å bli det, eller som berre er nysgjerrig på kva som skjer innanfor veggene til den fjerde statsmakta.

I 2012 kom boka Nyhetsvurderinger. På innsiden i fem redaksjoner (red. Svein Brurås) ut. Steinar Høydal (red.) ønskte å gjere dette på nytt, ti år seinare.

Anmeldelser av Tett på nyheitene:

«Tett på nyheitene: Nyheitsvurderingar i fem redaksjonar gir ein heilskapleg introduksjon til nyheitskriterium som såleis, i tillegg til at ho gir innblikk i korleis dei største landsdekkande redaksjonane i Noreg jobbar med og snakkar om nyheiter. Dette er lesarvennleg pensumlitteratur som passer godt på leselista til introduksjonskurs i journalistikk.»
- Ragnhild Sofie Selstø, Norsk medietidsskrift

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Høydal, Steinar (red)
  • Forlag/utgiver

    Cappelen Damm AS
  • Format

    Heftet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Antall sider

    209
  • Kom i salg

    2. aug. 2024
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788202779603

Kundeanmeldelser

Frakt og levering