Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Utmark i endring

2021, Pocket, Norsk Nynorsk

439,-

Trykkes ved bestilling - sendes normalt innen 6 uker
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk

Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no.

Det er i ferd med å skje store endringar i den norske utmarka. Hyttebygging, rovdyr, beiting og aukande konfliktnivå mellom tradisjonelle og nye brukarar fører til heftige debattar om bruken av utmarka og utmarksressursane. I boka Utmark i endring gjev nokre av landets fremste samfunnsforskarar innanfor feltet utmark ei innføring i viktige endringar, og innspel til korleis ein kan bringe debattane rundt framtida til utmarka vidare.

Bruk av utmark har alltid vore viktig for oss nordmenn. Her kan fritidsbustadar, vindkraftutbygging, gruvedrift og friluftsliv skape livskvalitet og arbeidsplassar. Samstundes utfordrar bruken både naturverdiar, kulturverdiar og tradisjonell utmarksbruk som sau- og reinbeite.

Arealpresset i utmarka er veksande og kan føre til fleire interessekonfliktar. Kan beitenæringane overleve areal- og rovdyrpress? Kor mange fleire fritidsbustader toler utmarka? Kvar går grensa for tilrettelegging i friluftslivet? Kva for del av utmarkshistoria er det vi verdset?

Bidragsytarane i boka kjem frå ulike fagfelt som geografi, sosiologi, jus, økonomi og filosofi - og gjev med dette ulike perspektiv på endringane i utmarka. Samla gir Utmark i endring eit vesentleg bidrag til utmarskforskinga, og kan fungere som eit diskusjonsgrunnlag for dei utfordringane som næringar, brukarar og forvaltarar av utmarka står overfor.

Utmark i endring er tankevekkande lesing for alle med interesse for bruk og forvalting av utmarka. Dette kan vere studentar, forskarar, næringsaktørar eller forvaltarar av utmarka. Med eit interessant og samfunnsaktuelt innhald er boka òg høgaktuell for den jamne samfunnsengasjerte borgar.

Utmark i endring er redigert av Frode Flemsæter, seniorforskar ved Ruralis og fyrsteamanuensis ved NTNU, og Bjørn Egil Flø, seniorforskar ved NIBIO.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Flemsæter, Frode (red) ; Flø, Bjørn Egil (red)
  • Forlag/Utgiver

    Cappelen Damm AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    307
  • Emnekategori

    Distriktsplanlegging
  • Kom i salg

    24. nov. 2021
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788202749361

Kundeanmeldelser

Frakt og levering