Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Region og regionalisering - perspektiv og praksis

2016, Pocket, Norsk Nynorsk

420,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Antologien spring ut av det faglege miljøet rundt det tverrfakultære satsingsområdet Region og regionalisering som vart til ved Uni.versitetet i Bergen i 2005, og det tilhøyrande masterprogrammet som fekk si studie.administrative forankring ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR) og kom i gang frå 2007. Forfattarane represen.terer alle fem fakulteta som var involverte i satsinga som vart vedteken lagt ned i 2014, og har sjølve vore knytte til masterprogrammet. Gjennom sine artiklar speglar bidragsytarane den fleirfaglege tilnærminga som låg til grunn for opprettinga. Bidraga deira er samla i tre bolkar, som tematiserer ulike faglege og teoretiske inntak til region og regionalisering: «Regionar, identitet og regionsbygging», «Region, stad og regionalisering» og «Regiona.lisering, forvaltning og utvikling».

Gunnstein Akselberg er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen. Akselberg har vore med i leiinga for Region og regiona.lisering frå det vart oppretta i 2005, og har delteke i undervisninga ved masterprogrammet.

Randi Barndon er førsteamanuensis i arkeologi ved AHKR. Barndon var programkoordinator for masterprogrammet frå 2007 til 2014, og ho har undervist og rettleia masterstudentar ved masterprogrammet.

Knut Grove er koordinator for masterprogrammet og førsteamanuen.sis ved AHKR. Han er elles tilsett som forskar ved Uni Research Rokkansenteret.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Akselberg, Gunnstein (red) ; Barndon, Randi (red) ; Grove, Knut (red)
  • Forlag/Utgiver

    Novus AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2016
  • Antall sider

    365
  • Emnekategori

    Regionale og lokale myndigheter
  • Kom i salg

    19. des. 2016
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788270998722

Kundeanmeldelser

Frakt og levering