Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Diktboka - om arbeid med poetiske tekstar i skolen

2006, Pocket, Norsk Nynorsk
20%
Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Diktboka, klassikaren i diktundervisninga gjennom ei årrekkje, kjem no i ny og gjennomrevidert utgåve. Boka er skriven for diktelskarar og dikthatarar, og er nyttig for lærarar i grunnskolen og for lærarstudentar.
Boka er todelt. I den første delen peikar forfattarane på samanhengen mellom poesien og den produktive barnekulturen. Dei presenterer ulike prinsipp og idear for diktundervisning. Den andre delen er ein antologi av dikt som er plukka ut i samsvar med metodikken i første del.
I denne reviderte utgåva er teoridelen bearbeidd og justert i samsvar med den nye læreplanen. Antologidelen er sterkt fornya. Her finn ein poesi frå alle dei største nordiske landa, og dikt frå slutten av det 20. og begynninga av det 21. hundreåret får sin rettmessige plass.

Anmeldelser av Diktboka:

«Styrken er ei gjennomarbeidd og spennande tilnærming til lyrikkundervisninga, bygd på ei lesar- og elevorientert holdning. Ei holdning som bryt med den tradisjonelle lærarstyrte formidlinga av korleis litterære tekstar skal forståast, godt i samsvar med den nye læreplanen.»
- Ove Eide, Bedre skole 1/2007 (side 99-100)

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Kaldestad, Per Olav (for) ; Knutsen, Hanne (for)
  • Forlag/Utgiver

    Cappelen Damm AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2006
  • Antall sider

    320
  • Serienavn

    LNUs skriftserie
  • Emnekategori

    Lese- og skriveferdigheter, Pedagogikk
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788202258559

Kundeanmeldelser

Frakt og levering