Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Handbok i norrøn filologi

2012, Innbundet, Norsk Nynorsk

899,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. Handboka gjev lesarane ei innføring i alle dei sentrale emna i den norrøne filologien om handskrifter, om teksttolking, om runer, om språkleg utvikling og variasjon, om namn og nemne, om dikt og soger, og dessutan om den gamle gudelæra. Ved sida av å vere ein kunnskapsbank for norrønfilologar er boka ei rik kjelde til norsk og islandsk kultur- og teksthistorie i vid forstand. Forfattarane gjev oss innblikk i den mangfaldige norrøne litteraturen og brytinga mellom den gamle åsatrua og kristendommen. Vi får òg vite kva slags skinn som er best eigna i bøker, om korleis dokument vart kopierte for å forhindre forfalsking, om hemmeleg runeskrift og mykje anna. Den tilgjengelege framstillingsforma og fargeillustrasjonane gjer boka til eit lesarvennleg og fascinerande møte med den norrøne kulturen. Andreutgåva av Handbok i norrøn filologi er gjennomgåande revidert og har tre heilt nye kapittel. Supplerande materiale og oppdateringar kan ein finne på nettstaden nofihandbok.no.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Haugen, Odd Einar (red)
  • Forlag/Utgiver

    Fagbokforlaget Akademisk
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2012
  • Antall sider

    797
  • Emnekategori

    Lingvistikk
  • Kom i salg

    1. jan. 2013
  • Utgave nr.

    2
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788245011098

Kundeanmeldelser

Frakt og levering