Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Språkplanlegging og språkstrid - utsyn over norsk språkhistorie etter 1814

2022, Heftet, Nynorsk
På lager – Sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Det har lenge vore stor internasjonal interesse for norsk språkplanlegging og språkstrid etter 1814. Heilt frå Harvard-professoren Einar Haugen studerte språkstriden i Noreg, og utvikla forskingsfeltet språkplanlegging på 1960-talet, har nyare norsk språkpolitikk og språkutvikling hatt ein sentral posisjon i den internasjonale teoridiskusjonen innan språkplanlegging.
Denne boka analyserer og drar linjer gjennom heile 200-årsperioden frå unionoppløysinga i 1814 til i dag. Det er eit godt høve til å gjera ein slik analyse no. Med reformene i 2005 for bokmål og i 2012 for nynorsk er vi nemleg tilbake til ein situasjon der dei to målformene blir normerte kvar for seg og utan omsyn til kvarandre - slik det var for landsmål (nynorsk) i 1901 og for riksmål (bokmål) i 1907, før samnorskpolitikken. I tida imellom reformene tidleg på 1900-talet og no - og før, på 1800-talet - ligg periodar med politisk unike språksosiale eksperiment, som det ikkje finst kjende parallellar til nokon stad i verda. Det er ikkje noko å undrast over at verda rundt oss er interessert i denne politikken, når ein ser resultatet i dag: To norske skriftmålsformer som kvar for seg har vide rammer for ulike ord og ordformer, og eit land med meir dialektbruk enn i noko anna europeisk land. Denne boka fortel korleis og kvifor Noreg er blitt eit slikt språkleg annleisland.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Jahr, Ernst Håkon (for)
  • Format

    Heftet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    157
  • Kom i salg

    22. nov. 2022
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788283900958

Kundeanmeldelser

Frakt og levering