Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Ysting

2018, Pocket, Norsk Nynorsk

739,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Denne boka er ei lærebok i handverksysting. Ho tek for seg ysting heilt frå nybyrjarnivå, men inneheld mange detaljar og tips som er nyttige òg for erfarne ystarar. Boka startar med grunnleggjande mjølkekjemi og mikrobiologi og prinsippa for modning og smaksutvikling i ost. Ho gjennomgår regelverk kring mjølkeforedling og korleis regelverket kan etterlevast i praksis. Deretter er framstillingsprosessen for dei viktigaste gruppene av mjølkeprodukt grundig handsama. For kvart trinn i ystinga forklarar forfattarane kva som skjer i praksis, og korleis små justeringar verkar inn. Så kan ein finne årsakene til at osten ikkje alltid blir som ein ønskjer. Boka gjev grunnlag for å utvikle eigne oppskrifter og framgangsmåtar og skape nye mjølkeprodukt med trygg, god og stabil kvalitet. Ragnhild Nordbø er utdanna næringsmiddelkandidat frå Ås. Ho har arbeidd som ostefagleg rådgjevar ved Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan 2004. Ho har vore budeie i over 30 år og driv no gard med ysteri i Trøndelag. Maria Ballhaus har arbeidd med mjølkeforedling sidan 2005. Ho har erfaring som budeie både i Noreg og i Sveits. Ho har vore lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule og rådgjevar på Ressurssenteret ved skulen. No driv ho eigen gard med ysteri i Tyskland. Boka er resultat av eit prosjekt på Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, der forfattarane er lærarar på kurs i mjølkeforedling. Anne Karin Hatling har vore prosjektleiar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Ballhaus, Maria (for) ; Nordbø, Ragnhild (for)
  • Forlag/Utgiver

    Fagbokforlaget Akademisk
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    382
  • Emnekategori

    Landbruk og havbruk, Matlaging med meieriprodukter, Næringsmiddelteknologi
  • Kom i salg

    5. feb. 2018
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788211026187

Kundeanmeldelser

Frakt og levering