Magnus Lagabøters landslov av 1274 sto sentralt i kong Magnus Håkonsson sine lovreformer i høgmellomalderen, kongen som skulle verte kjent som «Lagabøter» eller lovforbetraren. Landslova reformerte dei fire norske lagtinga sin rett, og gjorde retten likare i heile Noreg. Lovboka sto sentralt i norsk rett i over 400 år.
Rettshistorikar Brage Thunestvedt Hatløy utforskar i denne boka skilnadar og likskapar mellom Landslova og eldre rett. Boka tek utgangspunkt i ei samanlikning av Landslova sin Kjøpebolk med eldre lover, og viser korleis Landslova kombinerer eldre og presumptivt ny rett. Med eit rettsvitskapleg perspektiv på utforminga og organiseringa av lovreglane gir samanlikninga innsikt i korleis lovgivar og forfattarane av Landslova gjekk fram i arbeidet med lovboka. Boka gir samtidig ei grundig innføring i Kjøpebolken sine reglar om pengekrav, avtalar og handel med meir, og korleis desse var i endring i norsk høgmellomalder.
Denne boka er ein omarbeidd versjon av forfattaren si doktorgradsavhandling frå 2021 med same tittel, med siktemål å gjere avhandlinga sine konklusjonar og drøftingar tilgjengelege.