Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Skog for emne

2026, Pocket, Nynorsk

599,-

Fri frakt
På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

Olav Aukrusts ord «Emne – gut! Det lyt du ha!» har vorte eit slagord. Det bit oss som steller med skog, av di emna så ofte blir reduserte til volum av tømmer. I Skog for emne rettar forfattaren blikket mot alt det gode, vakre og nyttige vi kan laga av tre – eller rettare: av skog og tre. Emna blir til i skogen, og skogen lyt skjøttast slik at dei oppstår. Noko av potensialet ligg klart til bruk. Anna krev omtanke og stell gjennom nokre få år – eller gjennom to hundre år og jamvel meir. Dette er ikkje ei fullstendig framstilling, men ei samling døme. Kvart av treslaga våre har vore nytta til mangt og til ulike føremål gjennom livslaupet. Der vi har tynna i ris og renningar, kjem det fram emne til vidjer og sveig. Seinare kan vi få fram trandle-emne, før vi kan flekkje kvit never frå rake, oppkvista stammer. Når neverbjørka er passeleg tjukk, kan ho gje skiemne, og snart blir ho snikkarbjørk. Nokre av bjørkene får krok og kan høve til stamn i båt, medan greinene på dei største kan bli emne til keip. Ikkje alle treslaga kan nyttast like allsidig som bjørka, men alle har vore til nytte på meir enn éin måte. Når vi prøver, utforskar og oppdagar kva skogstrea våre kan gje oss, blir dei noko nært og kjært – langt på veg ein del av oss. Vi vonar boka vil skjerpe appetitten og få fleire til å utforske det store potensialet i skogstrea våre. Dei er meir enn liter tømmer. Jon Bojer Godal (f. 1937) er kjend for utviklinga av omgrepet handlingsboren kunnskap og han har arbeidd med og i utøvande kunnskapsformer. Han står for ein omfattande dokumentasjon knytt til bygging av hus, så vel som av bygging og bruk av båtar i tradisjonsborne mønster i Møre og Romsdal og Trøndelag. Dette hadde ikkje vore mogleg utan ei praktisk tilnærming. Prosessar, material og omgrep for form er sentrale stikkord. Jon Bojer Godal har skrive ei lang rad bøker om materialbruk og byggjeprosessar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Fagbokforlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    207
  • Utgivelsesdato

    22.09.2026
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788245063615

Kundeanmeldelser

Frakt og levering