Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Båtar i Møre og Romsdal - Band 3 : Geitbåten som system

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Denne boka set geitbåten inn i ulike samanhengar. Geitbåten representerer ein måte å rekne og måle på. Vi kallar det gjerne posisjonsbyggjeri. Geitbåtbyggjaren held seg ikkje til plane projeksjonar, men til koordinatar i ein romleg abstraksjon. Geitbåten står for eit omfattande system av storleikar. Vi har ikkje tal på kor mange. Det er glidande overgangar frå dei minste til dei største. Hovudstorleikane er trebandsfæring (to par årer), melfæring (to par årer og midtirom = mel), trerøring (tre par årer), fyring (fire par årer), femring (fem par årer), seksring (seks par årer), sjurøring (sju par årer), åttring (åtte par årer) og sambøring, som er ein stor føringsbåt. Båtane kan vera tilpassa ulike føremål, og det kan vera meir eller mindre tydeleg kva dette er. Vanlege brukstilpassingar er desse: ærendsbåt, allsidig bruksbåt, kastarbåt (for fiske med snøre), skyssbåt, linebåt, sildegarnsbåt, torskegarnsbåt, sildenotbåt, aurenotbåt, føringsbåt, kyrkjebåt og krøtterbåt. Det har jamvel funnest ein særskild slags båt for frakting av lik. Båtane står også i ein kulturgeografisk samanheng. Ytre vilkår, skog, hav, vêr og tradisjon spelar inn på denne. Jamvel hus og gjenstandar som høyrer saman med båtar og sjøfart, er delar av systemet båt. Ved denne store kompleksiteten blir geitbåten ståande som ein perspektivgjevar som andre båttypar kan sjåast i lys av. Det er neppe nokon andre som er så komplette som geitbåten, men alle har i seg eitt eller fleire element av tilsvarande karakter. Såleis er boka aktuell for alle som interesserer seg for tradisjonsbåtar. God lesnad!

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Godal, Jon Bojer (for)
  • Forlag/Utgiver

    Fagbokforlaget Akademisk
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Båtar i Møre og Romsdal
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    282
  • Serienavn

    Båtar i Møre og Romsdal
  • Serienummer

    3
  • Emnekategori

    Båtbygging og vedlikehold, Lokalhistorie, Skipsdesign og -arkitektur
  • Kom i salg

    12. jan. 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788245035056

Kundeanmeldelser

Frakt og levering