Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Naustlandet

2025, Innbundet, Norsk Nynorsk

699,-

Terningkast 5
Fri frakt
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth bestemte seg for å reise langs heile norskekysten for å finne ut korleis det eigentleg står til med nausta våre, og på vegen fann dei både forfall, håp, og ein overraskande mangfaldig og rik tradisjon.
Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

Gjennom tekst og bilete dokumenterer dei den utsette og ofte nedproiriterte delen av kulturhistoria vår for ettertida, men vi får òg møte eldsjeler som går føre med gode eksempel på korleis naust kan bergast gjennom restaurering og vern.
Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus.

Anmeldelser av Naustlandet:

5
«Naustlandet gir eit balansert syn på noko som openbert er eit dilemma. Ein meir smidig og forenkla sakshandsaming verker å vere betre enn å gjere alle desse nausta om til «livlause» museumsgjenstandar. I Naustlandet seier dei mange fotografia til Apneseth meir enn tusen ord, for fotografia syner at det står sånn passeleg til med nausta langs kysten. Fotografia lukkast å fange brytninga mellom gammal og ny tid i korleis nausta er dimensjonert i landskapet.»
- Gro Jørstad Nilsen, Bergens tidende
«Naustlandet er ei opplysande og vakker bok om sentrale bygningar i kystkulturen vår frå eine landsenden til hin.»
- Erik Solheim, Dag og tid

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Røyrane, Eva (for) ; Apneseth, Oddleiv ()
  • Vareeier

    Skald AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    451
  • Emnekategori

    Sosial- og kulturhistorie
  • Kom i salg

    3. nov. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788279594055

Kundeanmeldelser

Frakt og levering