Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Finna stad - eksempel - metode

2026, Innbundet, Norwegian

349,-

Fri frakt
Forhåndsbestilling – forventes i salg 13.04.2026
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Finna stad er ei bok om samspelet mellom kunst, stad og menneske. Med utgangspunkt i prosjekt frå Vestland viser kunstnarane Tone Einelia og Petra Rahm korleis kunst kan vere ein drivkraft i stadutvikling og bidra til meir opne og demokratiske prosessar.
Boka byggjer på fleire års samarbeid med kommunar, arkitektar, næringsliv og lokalsamfunn, og undersøker korleis ein kan skape gode prosessar på tvers av fag og interesser. I møtet mellom ulike aktørar kan nye perspektiv og løysingar oppstå. Med personleg og samstundes fagleg stemme tek forfattarane opp spørsmål om stad, identitet, empati og samarbeid.

Utgivinga er delt i to delar: ein eksempeldel med konkrete prosjekt, og ein metodedel som reflekterer kring kunstens rolle i stadutvikling og som gir praktiske inngangar til korleis slikt arbeid kan gjennomførast. Boka kan bli lesen frå begge sider, og inviterer lesaren til sjølv å velje inngang til stoffet gjennom eksempla eller metoden.

Dette er ei bok for kunstnarar, planleggarar og alle som arbeider med stad og samfunn. Ho fungerer både som inspirasjon og handbok, og peikar på korleis kunst kan utvide forståinga av stadutvikling og bidra til å forme framtidas stadar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Skald
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norwegian
  • Utgivelsesår

    2026
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788279593829

Kundeanmeldelser

Frakt og levering