Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Der litteratur blir til - nedslag i norsk litteraturhistorie etter 1814

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk

409,-449,- i butikk

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Der litteratur blir til. Nedslag i norsk litteraturhistorie etter 1814 handlar om femti utvalde forfattarskap der staden er eit hovudperspektiv. Teksten tek deg med til Lom og Lillehammer, Romsdal og Røros, Kongsberg og Kristiania - og spenner frå Henrik Wergeland og Maurits Hansen til Laila Stien og Thure Erik Lund. Framstillinga prøver å vise korleis stad og landskap også er viktige for å forstå skjønnlitteratur. Den kronologiske tenkinga er dempa ned, det same gjeld periodenemningar. Den historiske tilknytinga kjem fram ved introduksjonar som fortel om allmenne historiske utviklingstrekk.

Målet med framstillinga er at litteraturhistoria skal kjennast nær og konkret der den litterære staden og det verkelege landskapet blir ein inngang til den litterære verda som desse femti forfattarane skaper. Kor litteraturen blir til er sjølvsagt vanskeleg å veta. Men eitt er sikkert: Det er mange fenomen i stad og landskap som er med på skape dikting og staden er ofte med på å konstituere eit litterært verk. Kanskje den tradisjonsrike og ærefulle, men også kritiserte, litteraturhistoria vil fortone seg endå tydelegare gjennom eit slikt perspektiv.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Nordstoga, Sveinung (for)
  • Forlag/Utgiver

    SolumBokvennen AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    551
  • Emnekategori

    Litteratur: historie og kritikk
  • Kom i salg

    9. mars 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788256022854

Kundeanmeldelser

Frakt og levering