Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Eidsborgbryne - kontroll og råderett over utmarksressurser i mellomalder og ny tid

2025, Innbundet, Norsk Nynorsk

420,-

Fri frakt
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Dag Rorgemoen er direktør ved Vest-Telemark Museum. Han har arbeidd med mange sider av historia til regionen, også med eidsborgbryne. Dette har han fyrst og fremst gjort gjennom utstillingsarbeid, formidling og føredrag, men også gjennom støtte til arkeologar og geologar. Interessa for denne historia er stor, og det er behov for å auke kunnskapen om denne innlandsressursen og den rolla øvre Telemark har spela.

Denne artikkelsamlinga er resultat av det tredje Eidsborgseminaret, som vart arrangert hausten 2023. Fleire av føredraga er arbeidde vidare med i etterkant, og dei presenterer ny kunnskap om utmarksressursane i vikingtida og mellomalderen frå Øvre Telemark, og korleis desse ressursane gjekk inn i den større heilskapen. Dette er historia om omfattande handel og etablerte nettverk, om maktstrukturar og maktkamp, om sentrum og periferi, om grunnleggande råvarer og etablerte merkevarer.
Frå Øvre Telemark gjekk varer som brynestein, jarn, tjøre, huder, skinn og horn - og til og med eksklusive jaktfalkar - inn i ein avansert handel over store avstandar og med høg risiko. Me tek også steget inn på 1700-talet og vert kjende med Christian von Koss, som med stor kraft gjekk inn i handelen med eidsborgbryne og til slutt kontrollerte det heile.

Eidsborgseminaret vert arrangert av Vest-Telemark Museum, Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark. Det er del av satsinga Vikingvegen, som har som mål å lyfte fram historia langsetter leia frå Hardangervidda til gravhaugane i Borre.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Rorgemoen, Dag (red)
  • Forlag/Utgiver

    Museumsforlaget AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    191
  • Serienavn

    Vikingvegen
  • Serienummer

    4
  • Emnekategori

    Europeisk historie: vikingene, mineraler og fossiler: allmenn interesse, Sosial- og kulturhistorie, Steiner
  • Kom i salg

    25. apr. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788283051599

Kundeanmeldelser

Frakt og levering