Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Ann Cathrin November Høibo - I don't need you anymore, I'm into Carl Andre now

2026, Heftet, Bokmål, Nynorsk

279,-

Fri frakt
På lager – Sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Denne boka handlar om eitt verk: skulpturen I don’t need you anymore, I’m into Carl Andre now (2010/2017) av Ann Cathrin November Høibo. Sidan ho avslutta kunstutdanninga si i 2010, er ho blitt eit sentralt namn i samtidskunsten. Tekstilar er dominerande i produksjonen hennar, både i form av funne klesplagg og handvovne bildeteppe. Med utgangspunkt i eit feministisk perspektiv undersøker boka kva plass tekstil har som materiale og tradisjon på kunstscenen i dag, men også korleis kunsten til Høibo gjerne unndrar seg å bli kategorisert. I det aktuelle verket er tekstilane kombinerte med plast, metall og ein innramma collage, og verket er meir å rekna for ein skulptur enn tekstilkunst.

Materiale og materialitet har lenge vore eit forsømt emne i kunsthistoria, men her er metoden å følga materiala. Ved at forfattaren tar for seg dei ulike materialane som skulpturen er sett saman av, blir lag for lag av betydningar avdekte. Det er gjennom materialbruken at det oppstår dialog med navahoane sine vevnader og med kunstnarar som Hannah Ryggen, Else Marie Jakobsen, Carl Andre og Joseph Beuys. I organiseringa av materiala trekkjer kunstnaren trådar til kunstretningar som minimalisme og konseptkunst.
Gjennom å gå i djupna på dette eine verket viser forfattaren korleis ei konseptuell tilnærming fint lar seg sameina med ei sterk materialkjensle. På eit meir overordna plan er boka også ei undersøking av korleis ein kan skriva om kunstverk frå samtida som går på tvers av etablerte kategoriar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Veiteberg, Jorunn (Forfatter)
  • Forlag/utgiver

    Cappelen Damm forskning
  • Format

    Heftet
  • Språk

    Bokmål, Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    96
  • Serienavn

    Libelli
  • Serienummer

    1
  • Kom i salg

    4. feb. 2026
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788202907655

Kundeanmeldelser

Frakt og levering