Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Kunstnar utanfor sentrum - ni forteljingar

2020, Innbundet, Norsk Nynorsk

399,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

I denne boka finn du presentasjon av, og intervju med, ni kunstnarar som alle bur og arbeider i det nordlige Trøndelag: Elisabeth Balstad, Liv Aursand, Kamme Greiff, Arnold Dahlslett , Grete Hagen, Randi Antonsen, Lise Brissach, Kristin Minsaas Bromstad og Bruce Jon Hamnes.
Nokre av dei 9 i boka har hatt arbeidsplassen sin i Nord-Trøndelag heilt sidan tidleg på 70-talet, mens andre har kome til seinare. Til saman representerer dei ein viktig del av kunsthistoria frå denne landsdelen dei siste 50 åra.
Etableringsfasen for dei første av dei ni fall saman med Kunstnaraksjonen 1974, der kunstnarane sjølve jobba hardt for å skaffa seg betre arbeidsvilkår, og meir medbestemming når det gjaldt bruk og omsetting av kunst. Kunstnaraksjonen hadde hatt tre krav som utgangspunkt:
1.Auka bruk av kunst
2.Vederlag for bruk.
3.Garantert minsteinntekt.
Ein del av enkeltkrava gjekk igjennom. Og optimismen var stigande. Ikkje minst i Namdalen breidde denne optimismen seg. Folk slo seg saman i kunstnarkollektiv. Dei starta kunstgruppe, og dei heldt utstillingar rundt omkring i bygd og by. Kunsten skulle ut til folket. «Namdal kunstgruppe» spelte ei viktig rolle i denne etableringsfasen, og har fått eit eige kapittel i boka. Stein Storsul, som var fylkeskultursjef i Nord-Trøndelag då den første, optimistiske fylkeskulturplanen blei laga, er også med.
Så har åra gått. Korleis har det gått med dei som var unge og optimistiske den gongen? Har dei gitt opp? Kva seier dei om «kunstnarlivet» sitt i dag?
Og så har det kome nye til. Korleis tenkjer dei litt yngre kunstnarane som arbeider i eit distrikt som Nord-Trøndelag? Kva driv dei med? Er det liv laga for kunstnarar utanfor dei største byane i Norge i dag, eller må ein flytta til meir sentrale strok - helst til Oslo - for å bli lagt merke til? Er dei litt yngre like opptatt av fagorganisering og statlige ordningar som «70-talsgenerasjonen» var? Og har arbeidsteknikkane endra seg?

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Idsø, Liv Marit (for) ; Brønstad, Renate G. ()
  • Vareeier

    Embla Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2020
  • Antall sider

    181
  • Emnekategori

    kunstmonografier, Kunstnere
  • Kom i salg

    1. des. 2020
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788283820157

Kundeanmeldelser

Frakt og levering