Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Knots of knowing-in-playing - stories from violin lessons read diffractively through agential realism

2023, Pocket, Engelsk

250,-

På nettlager - sendes innen 2-5 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Kva går føre seg på speletimar kulturskolen? For å finne svar på dette, har forskarar intervjua kulturskolelærar og -leiarar, og dei har analysert rammeplanen for kulturskolen og andre styringsdokument. Men kva med musikken? Elevane? Og alle dei uventa hendingane som oppstår når barn speler musikk?

I denne avhandlinga utforskar Mari Ystanes Fjeldstad korleis fiolintimar utspeler seg og kva som vert skapt i timane ved å fortelje historiar frå tre fiolinlærarar si undervisning. I historiene dukkar elevane opp utan fiolinar, edderkoppar og klistremerke gjer at timane tar uventa vendingar, og i eit hjørne sit fiolinprofessorar frå fortida og følgjer med. Historiene fortel også om korleis fiolintimane vart forandra da pandemien gjorde dei digitale, og om korleis lærarar og elevar takla denne utfordrande situasjonen.

Gjennom å lese historiene gjennom feministisk nymaterialistisk og posthumanistisk teori, utviklar Fjeldstad fire konsept. Desse er nyttige for forskarar som vil skape ei breiare forståing av musikkpedagogiske praksisar. Avhandlinga utviklar også kunnskap om korleis ulike studentar får ulike moglegheiter og korleis desse er knytt til dei sosiale kategoriane rase, kjønn og klasse. Avhandlinga er eit eksempel på korleis feministisk nymaterialistisk og posthumanistisk teori kan brukast innanfor musikkpedagogisk forsking og korleis desse teoriane kan bidra til ein meir rettferdig musikkutdanning.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Fjeldstad, Mari Ystanes (for)
  • Vareeier

    Norges Musikkhøgskole
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Engelsk
  • Tittel på originalspråk

    Knots of knowing-in-playing
  • Utgivelsesår

    2023
  • Serienavn

    NMH-publikasjoner
  • Serienummer

    2023:2
  • Emnekategori

    Musikkteknikker og musikkveiledninger, Musikkteori og -vitenskap
  • Kom i salg

    12. mai 2023
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788278533178

Kundeanmeldelser

Frakt og levering