Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Takkefest! - jorda rundt med enkle flatbrød, lomper, lefser og pannekaker

2022, Innbundet, Norsk Nynorsk

409,-449,- i butikk

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Signerte bøker sendes ca. 10. november

Flat mat er ein av våre eldste, enklaste og mest utbreidde mattradisjonar. I denne boka møter du menneske frå fleire verdshjørne som lærer deg sine smakfulle favorittar.

Heimebaka lefse til jul? Pannekaker i barnebursdagen? Frukostlompe med brunost?Fredagstaco med sjølvsteikt tortilla, eller lapskaus med flatbrød du har kjevla ut på benken? Ja, eller kva med å gje ei smakfull gryte følgje av asiatisk roti eller austafrikansk injera? I «Takkefest!» har takkeentusiast Aaste Kveseth funne fram kjevlet og invitert nordmenn med røter frå ulike verdshjørne til å vise fram noko av variasjonsrikdomen som finst av takkebakst. Saman gjev dei deg eit rikt utval av gode oppskrifter og viser deg kor lett du kjem i gang.

Visste du at menneska alt for fleire tusen år sidan steikte flatbrød på bålet? Det er ikkje tilfeldig, for dette er noko av den enklaste baksten du kan gje deg i kast med! Du blandar berre mjøl og væske til ei røre, eller knar det saman til ein deig som du kjevlar flat. Blandinga treng korkje gjære eller heve, og det er også overraskande små skilnader som avgjer om resultatet blir til ei mjuk lefse, ei pannekake med deilige, sprø kantar eller eit meir kompakt brød. Etter å ha baka deg gjennom denne boka vil du seie det, du òg: Ingenting kan måle seg med fersk, heimelaga takkebakst!

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Kveseth, Aaste (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    150
  • Kom i salg

    6. sep. 2022
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234005701

Kundeanmeldelser

Frakt og levering